Bessheim Fjellstue & Hytter
Fjellstue

Bessheim Fjellstue & Hytter

Bestill her

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.

No items found.

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Vintersesongen varar frå fredag 9. februar til søndag 12. mai 2024. Etter påske held vi ope i helger/langhelger. Fottursesongen startar fredag 7. juni i 2024. Laurdag 8. juni startar Gjendebåten å frakte passasjerar på Gjende, blant anna for å gå Besseggen. Gjendebåten går stort sett kvar dag fram til 6. oktober 2024, og vi held ope like lenge. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.

Bestilling av rom og hytter:

Det løner seg alltid å bestille direkte til Bessheim. Vi har online booking. I onlinebookingen kan du bestille hytter og rom, ikkje campingplass. Når du har sendt inn bestillinga får du ein e-post med spørsmål om du vil bestille middag nokon av kveldane som du bur her.

Vi har fire elbilladarar som du kan betale for å bruke på veggen på hovudbygningen. (Vi vil ikkje at du skal lade ut frå hyttene eller romma på grunn av brannfare og forsikring).

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter her på Bessheim. I tillegg har vi ein liten campingplass.

Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene.

Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste. Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.

navn
Fjellstue

Bessheim Fjellstue & Hytter

Link til kart

SoMe

Facebook
Gå videre
Instagram
Gå videre

Flere overnattingssteder